Geiranger flagga for Olaf
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Jun 2015
Dei flagge ved Geiranger
Skysstasjon då Olaf Einar Øien passert sist laurdag nokre sekund over klokka
10.30. Flagginga var nok ikkje for Olaf spesielt, men den kunne gjerne ha vore
det, fordi:
Olaf var 51 år då det
fyrste Nibbeløpet frå sentrum av Geiranger til toppen av Dalsnibba vart
arrangert. 21 kilometer og 1500 høgdemeter tok Olaf med glans den gongen. Då
heitte det Geiranger Halvmaraton. Over 80 fullførte, berre fire av desse var
damer. Som 51-åring brukte Olaf 2.03.22 på distansen.
Åra har gått sin gang, men
vår STORE MANN har ikkje skofta eit einaste løp i Geiranger. Olaf er like
slank, men steget er ikkje det same. Det skal det heller ikkje vere. Mannen er
72, kilometerteljaren står høgt. Hadde han vore bil, hadde han for lengst vore
kondemnert.
Som sagt opna Olaf på
2.03.22 i 1994. Bestetida sette han som 53-åring i 1996, då han noterte
knallsterke 1.58.57. Som nyslegen 60-åring i 2003 sprang han på smått utulege
2.07.30. Som 70-åring i 2013 var farta redusert til 2.53.44. Som 72-åring
brukte han 3.05.56 – ei naturleg utvikling.
Jau Olaf, du var vel verdt
eit flagg i Geiranger sist laurdag!
Og du skal vite;
Velledalen IL er stolte av deg generelt, og spesielt for prestasjonane i Geiranger
Halvmaraton/Nibbeløpet. Rett og slett eit føredøme for andre utøvarar i moden
alder!!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024