Odd Lennart held koken
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Jun 2015
Odd Lennart Lien har gode
band innan fotballen til klubbar som Manchester United, Molde og VRF. Han har
full pott i Konradløpet, og held stø kurs mot 15 års premien der i 2016.
Same året, om alt går
etter planen, vil han gå sin 10. Nibbemarsj. Laurdag 6. juni deltok han for 9.
gong og seier dette om turen frå sjøkanten til toppen av Dalsnibba:
- I år brukte eg
tre timar og elleve minutt på turen. Beste eg har levert er 2.47. No som helsa
ikkje er så bra må eg finne meg i at det går litt saktare.
- Men eg gjorde
nesten ein liten bommert i år.
- Åh, korleis det?
- Eg starta svært
tidleg, så tidleg at eg var den andre som nådde toppen. Problemet var berre det
at eg starta så tidleg at dei to fyrste drikkestasjonane ikkje var bemanna.
Heldigvis ordna det seg på resten av turen.
Vi reknar med at Odd
lennart blir å finne på deltakarlista når «Opp på Bruna» vert arrangert
21.juni. Om ikkje anna så i trimklassa, der arrangøren VIL håper på ein
vesentleg vekst dette året.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024