Gladsak frå Geiranger – betre seint enn aldri.
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Jun 2015
Ho har venta lenge - altfor lenge - men i dag fekk ho dei. Saka er i korte trekk slik:
I 2014 debuterte Elise
Stette i Konradløpet. Ho likte arrangementet og ville gjerne kjøpe to
Konrad-krus. Det skulle vi ordne, lova vi.
Men det gjorde vi ikkje.
Vi rett og slett gløymde heile greia. Men kom på det igjen då påmeldingane til
løpet i 2015 hagla inn. Meininga var at Elise skulle få kruset då, om ho melde
seg på.
Og det gjorde ho, men så
seint at vi ikkje visste ho var der. Difor vart det ikkje ordna i år heller.
Fyrst då vi såg resultatlista, og at ho hadde sprunge på 23-talet, vart vi klar
over at vi hadde tabba oss ut nok ein gong. No var gode råd dyre.
Men då Elise Stette sitt
namn dukka opp i påmeldingslista til Nibbeløpet i Geiranger, var ikkje leiaren
i VIL og friidrettsleiaren verre på det enn at dei tok med seg to krus til
Geiranger. Om lag midt i løpet, då det byrja røyne på for kvinna i sin beste
alder, tok VIL-leiaren eit krus i handa, sprang ved sida av henne og sa:
-I dag Elise, skal du få Konrad-krusa dine.
Dama lyste opp, kika over
mot kruset og smilte. Der og då fekk Elise Stette livsgnisten tilbake i dette
løpet. Rett etter målgang fekk ho dei to krusa av friidrettsleiar Alf Petter
Bøe.
Endeleg var den gode gjerning
gjort – og ei stor bør letta av skuldrane våre.
Kos deg med krusa med god
drikke i, Elise – og velkomen tilbake til Konradløpet!!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024