Olaf og Jo Andre sprang Varden Opp
Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Mai 2015
Arkivfoto
Varden Opp er
motbakkeløpet som har start i sentrum av Langevåg og mål på toppen av
Sulafjellet. Nærare bestemt på Storevarden, 776 meter over havet. For Jo Andre
Tandstad er dette nærast heimebane, busett som han er i Sula kommune.
Småbarnsfaren har nok vore i betre form enn no, men kom inn på fine 1.04. 05 i
klasse 23-39 år.
Evigunge Olaf Einar Øien
starta i klasse 70+. Ingen andre i hans alder gjorde som Olaf, som dermed kunne
bokføre ein ny triumf på lista over løpssigrar. Olaf brukte 1.21.58 på turen
laurdag.
Emblem IL fekk
klassevinnarane både for menn og kvinner. Asgeir Bakken Rognstad (44.33)
raskaste mann og Aija Skrastiwa (53.35) raskaste kvinne.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024