Velledalen IL tek over motbakkeløp
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Mai 2015

Motbakkeløpet «Opp på
Bruna» har vore arrangert fleire gonger tidlegare, gjerne i samband med
Straumgjerde-dagane. I år har Velledalen IL fått spørsmål om dei kan tenkje seg
ta over arrangementet.
Gruppeleiarane i friidrett
og langrenn, Alf Petter Bøe og Svein Arne Nakken, har lagt hovuda i «bløyt», og
konkludert med at dei stiller seg ansvarlege for løpet som vert arrangert 21.
juni.
Tidlegare år har løpet
samla bra deltaking i konkurranse-klassene, men skammeleg få trimmarar. Dette
ynskjer dei nye arrangørane ta tak i.
Velledalen Il har alt fått
forslag om at løpet bør heite: «Opp på Bruna/Tomasløpet».
Oppkalla etter sprekingen
Tomas Tandstad
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024