Kva syslar dei med her….?
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Mai 2015
I utgangspunktet sanneleg
ikkje godt å seie. Svelene taper terreng om bord på ferjene, men svelgrepet sat
som eit skot hjå unge og eldre like etter målgang under Koldabakken Grand Prix.
Då vart det nemleg servert sveler med jordbærsylte, til personar som kanskje
hadde pint seg ned i vekt heile dagen før møtet med den berykta motbakken.
Trim og trivsel var eit
mykje brukt slagord i Velledalen IL for nokre få år sidan. Under arrangementet
i Koldabakken 2. pinsedag fekk deltakarane ei høveleg dosering av begge deler.
Turen opp er ikkje lang, men dei fleste kroppar gir brutale svar til hjerna.
Ein av deltakarane sa det slik:
- Føtene kjendest
som kjempelange styltrer som var rotne nedantil.
Etter løpet var det sosial
samling i og utanfor Hau-garasja. Der var kaffi, saft og sveler inkludert i
startkontingenten – og premiar til alle.
Vêret var ikkje det beste,
men trimmen og trivselen heldt mål!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024