Tidtakarvogna
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Mai 2015
Skisesongen er over, og
premiane for Fjellsæter Cup 2015 er delte ut. Deltakinga var god, og vil truleg
bli enno betre komande sesong.
For å ha levelege forhold
gjekk dei to arrangørlaga (SIL og VIL) til innkjøp av ei tidtakarvogn, slik at
arrangørstaben i det minste fekk vere under tak. Ei nyttig og god investering.
No får vogna nokre månader
kvile. Som ein ser av biletet er den pynta opp med arrangørklubbane sine logoar
– ikkje i heilt liten målestokk heller. I tillegg til Fjellsæterrunden sin. Eit
renn som har tradisjonar heilt tilbake til 1978 (då som prøvearrangement i regi
av SIL).
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024