Katinka sin rekord overlevde

    Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Mai 2015

    Denne gongen skal vi
    omtale ein av dei meir kinkige rekordane. Rekorden for beste
    ektepar/sambuarpar. Kinkig fordi det ikkje er lett å vite kven som lever i lag
    til ei kvar tid.

    Fakta er at Katinka
    Havnegjerde og Jo Andre Tandstad som sambuarar leverte samla tid 37.27 i 2011.
    Seinare har det vorte både ekteskap og arving. I 2015 var dei for fyrste gong
    tre som deltok. Yngstemann låg i vogn, trilla
    av Katinka, medan han far sjølv, Jo Andre, måtte slite. Det gjorde han rett så
    bra, til ei tid trygt på 18-talet.

    Så vidt vi kan sjå
    overlevde sulaparet sin rekord med god margin. Det same gjorde søskenrekorden
    til Sondre og Elisabeth Overvoll Hole frå Stranda. Og så godt som alle dei
    nasjonale rekordane. Einaste unntaket var den russiske, der Olga Sørensen senka
    Maxim Gerashenko sin rekord frå 22.12 til sterke 20.24.