Koldabaken Grand Prix 2. pinsedag

Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Mai 2015

I fjor vart det nye
rekordar for begge kjønn. Kjell Magnar Berli brukte eitt minutt og 24 sekund
opp bakken. Også Glenn Tafjord kom klart under den tidlegare rekorden med
sterke 1.27. Den gamle rekorden lydde på 1.35, ei tid både Per Steinar Linga,
Widar Fure og Eivind Engeseth Fet hadde notert. Andrea Berge Kastellet brukte
1.50 opp bakken, som altså er gjeldande damerekord.


 -  Målet i år er ny
deltakarrekord. I år vert det eiga trimklasse sendt ut i løypa som dei fyrste.
Fellesstart utan tidtaking. Her kan absolutt alle delta. Konkurranseløparane
startar enkeltvis med 30 sekund mellom kvar, seier friidrettsleiar Alf Petter
Bøe.

Han håper at det møter
mykje publikum.


 -  Tenk kor
inspirerande det hadde vore for deltakarane – at det stod tett i tett med
publikum langs begge sider av løypa, når mjølkesyra riv i låra mot slutten av
løpet.

Bøe fortel vidare at ein
slett ikkje må vere kapitalist for å delta. Startkontingenten er kr 50,- pr.
deltakar uansett klasse. Det er premiering, drikke og ein skal heller ikkje sjå
vekk frå at ei svele kan vere innbakt i denne prisen.


 -  Og påmeldinga..?


 -  Det er frå klokka
15.30 ved garasja til Nils Terje Skylstad løpsdagen.

Då håper vi på 50
deltakarar og 200 tilskodarar i bakken, når vi 2.pinsedag helsar deltakarane
velkomne til Koldabaken Grand Prix – lokale sjølvpinarar sin heidersdag.