Konradløp-brødrene Bjørkavåg
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Mai 2015
Brødrene Bjørkavåg, Ove Johan(t.v.) og Jarle.
Jarle Bjørkavåg er eit
namn med god klang i Sykkylven. Sportsleg er mannen truleg mest kjend som ein
dyktig skyttar. Men han slengjer seg også med i Konradløpet. Ikkje av og til,
men kvar einaste gong. I Lars Inge Sæther sin statistikk, kjem talet 14 opp om
ein søkjer på namnet til Jarle. I 2016 ventar med andre ord 15 års premien.
Det kjem også
langvegsfarande deltakarar til Konradløpet. Ein slik er Ove Johan Bjørkarvåg,
bror til Jarle. Hittil har han seks gonger teke turen frå Horten. Seks
deltakingar betyr Konradmedaljen i gull, som vi håper han fekk med seg etter
årets løp.
Brødrene Bjørkavåg ser ut
til å trivast som deltakarar i Konradløpet. Og det har skjøna poenget; at her
kan alle delta uansett fart – og at det er helsebot i kvar einaste meter ein
legg bak seg.
Jarle og Ove Johan er
hjarteleg velkomne til jubileumsløpet i 2016!!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024