Kjell Magnar nummer tre i Eikenosa Opp
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Mai 2015

arkivfoto
1.mai vart Kjell Magnar
nummer to i Konradløpet. Dagen etter var han og Olaf Øien Velledalen IL sine
representantar under Eikenosa Opp, det fyrste motbakkeløpet for sesongen.
Kjell Magnar fortel til
VIL-Nett at han er stålande nøgd med helga, som gav ny personleg bestenotering
i begge løpa. Fire sekund under Konradløpet og 17 i Ålesund.
- Eg har trena lite
spring siste tida. Det har gått mest i toppturar på ski. Eg er fire kilo tyngre
enn på same tid i fjor, men spring likevel betre utan løpstrening, fortel ein godt
nøgd utøvar.
Dette lovar det beste for
sesongen vidare. Komande laurdag stiller Kjell Magnar på Velledalen Il sitt
miksa lag (både menn og kvinner) i Holmenkollstafetten.
Sjå resultat her
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024