Gav Konradløpet ny dimensjon

Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Mai 2015

«Premien» for å vere
raskast ute med påmeldinga – når vi opnar denne på nettsida vår – er å få
startnummer 1. I 2015 var ekteparet Terje og Mari Skoglund Langelo raskast. For
dei som ikkje veit det er Terje strandar av opphav. Mari er velledaling god som
nokon, oppvaksen i Tregardane og gått sine obligatoriske år på Velledalen skule.
I dag bur paret i Hafrsfjord i Stavanger.

Dette paret var altså
raskast ute med påmeldinga og fekk startnummer 1 og 2. Og Terje Langelo
markerte seg sanneleg i debuten sin. Vi vil tru dei fleste såg mannen som hoppa
rundt på krykkjer med berre ein fot. Og han vart den fyrste som fullførte løpet
med ei så alvorleg funksjonshemming.

Også Bastian
Weiberg-Aurdal tok seg rundt løypa, trass ein skade som hadde gjort det langt
makelegare å nyte sengjavarmen. Men klart Bastian ikkje kunne det. Han plar
springe like i overkant av 20 minutt, og han har ikkje stått over eit einaste
løp. Då kan ein ikkje la seg stoppe av ein knust hæl.


Terje og Bastian var
såleis to av dei desidert viktigaste utøvarane i den 14. utgåva av Konradløpet.
Og vi trur Konrad Brunstad hadde likt at løpet til ære for hans minne fekk ein
utvida dimensjon over seg. At vi alle må bli minte om at vi aldri må resignere,
heller ikkje når det ser som mørkast ut, eller som Konrad sjølv ville sagt det:


 -  Gi aldri upp, då
he du tapt!

Såleis høvde det bra at
Terje og Bastian fekk kvar si t-skjorte med påskrifta:

-Gi livet eit løft –KONRADLØPET.

TAKK TIL TERJE OG BASTIAN
for deira positive bidrag til årets arrangement!

PS. Eit litt pussig
samantreff. Tek vi ikkje ravande feil, så gjekk Bastian og kona til Terje,
Mari, i same klasse ved Velledalen skule – begge av 1959-model. Kanskje nokon
kan stadfeste om vi bommar her…?