Honnør til Ådne Alf

Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Apr 2015

Ådne Alf Brunstad har
ikkje gløymt opphavet sitt i Velledalen, sjølv om han for tida bur meir
sentralt i bygda. Fotball har gjennom alle tider lege Ådne sitt hjarte nær. Vi
minnest han som ein av dei desidert mest ihug VRF-tilhengarane den tida dei
gul-svarte sysla med ballsport. I dag er Ådne trenar for SIL G-12, saman med
Tore Kalstad og Terje Skauvik. Lagleiar (oppmann) er Ole Jakob Tronstad.

Slik nyttar desse gutane kvelden 30. april i
Velledalen:


 ·
  

 Heile laget
deltek i Minikonrad som ei obligatorisk trening. Start 19.00 med tidtaking.


 ·
  

 Etter løpet er
det premieutdeling i Velledalen grendahus, der laget har tinga lik servering
til alle.


 ·
  

 Kvelden vert
avslutta i Velledalen Symjehall.

Som ein ser er det fullt
muleg å bruke Minikonrad, eller Konradløpet for den del, til ei sosial samling.
Eller lagbygging, om ein vil bruke det uttrykket. Og at fotball er eit lagspel
bør lærast tidleg. Rett som det er ser vi det motsette. Av garva seniorar som
burde kunne faget sitt. Gjer som Ådne & Co,
få lagkjensla inn i ung alder, det har ein att for seinare!!

Velledalen IL ynskjer SIL
G12 lukke til i Minikonrad, og i krevjande fotballkampar seinare i sesongen!!