Damebesøk for Team Bøe
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Apr 2015
Team Bøe er eit
treningstilbod til «allmuen». Her kan kvinner, menn, unge og eldre ta del.
Mannfolka har dominert, nokre gutar har delteke, medan kvinnene har glimra med
sitt fråver. Heilt til i dag.
Då kom det til og med to.
At Pernille Lervåg vart fyrste kvinne på trening med Team Bøe var kanskje ingen
sensasjon. Men ho kom ikkje åleine. I vogna hadde ho med purunge Iben, som
dermed vart yngste deltakar i treningsgruppa hittil.
Følg med på nettsida til
Velledalen IL. Her vert nye treningar med team Bøe kunngjort.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024