Våryre og lette i steget

Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Apr 2015

Bilde er henta frå Kondis.no
Holmenkollstafetten.

Hilde sprang det populære
Sognsvann Rundt Medsols sist onsdag. Ho vart nummer tre i kamp med 60 spreke
damer. Tida 13.02 er nokre sekund bak persen, men solid innsats til
sesongopning å vere.

Bøfjorden sin desidert største
son i Velledalen, tok turen til Valderøya sist laurdag. Valderløpet – eller Valderøya
Rundt – er eit krevjande landevegsløp på 8,7 kilometer for dei som spring full
distanse. Alf Petter brukte 35.10, noko som heldt til tredjeplass av åtte
fullførande i klasse 45-49 år. Han var berre elleve sekund bak mannen på
andreplass.

Skal vi ta eit råtips om
Alf Petter si Konradløpfart på bakgrunn av dette løpet, kan det tyde på at han
hamnar i området 16.40 – 17.00.

Velledalen IL er godt
nøgde både med debuten til Hilde og friidrettsleiaren vår!!