Konradløpet 2015 – Påmeldingsnytt nr 9
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Apr 2015
Arkiv: Martin Hauge- Nilsen og Inge Asbjørn Haugen
Fyrst av alt; gå inn på
sida til Kondis Møre og Romsdal og les flott reportasje om det komande
Konradløpet. Denne sida vert stort sett drifta av Helge Fuglseth og Martin
Hauge-Nilsen. Begge særdeles spreke karar. Helge Fuglseth er mellom dei fremste
i nasjonen på maratondistansen i klasse 65-69 år. Han kjem som debutant til
årets Konradløp.
Martin Hauge-Nilsen
kjenner løypa godt. Han kan etter årets løp hente Konradmedaljen i gull, som
betyr seks fullførte løp. Bestetida hans, 15.39, skriv seg frå 2012. I 2014
gjorde han 15.51, medan det vart 15.54 i 2011. Han har såleis tre tider inne
mellom dei 23 beste på adelskalendaren, som skriv seg heilt tilbake til startåret
2002.
Men dei to karane kjem
ikkje til Velledalen berre for å springe. Dei skal også lage reportasje i
Kondis. Den plar alltid vere solid og omfattande – både i ord og foto.
Velledalen IL helsar
Martin og Helge velkome til det 14. Konradløpet.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024