Kanonmaraton av Sverre Gunnar
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Apr 2015
arkivfoto
Dei fleste er på
nedadgåande i siste halvdel av livet. Men ikkje alle, og det har med trening å
gjere. Sverre Gunnar Brunstad var sist helg i Rotterdam og sprang maraton. Det
enda med ny personleg rekord på tida 2.42.07. Den gamle persen var frå 2004 og
lydde på 2.43.57
Brunstad som fyller 48 år
i 2015, skriv i ein e-post til VIL-nett.
- Løpet gjekk under
greie forhold. Har siste halve året sprunge 9 mil per veke, noko som ser ut til
å gi resultat.
Jamn som klokka.
Kanskje minst like imponerande som sluttida, er Brunstadekspressen
sine splittider på kvar fem-kilometer:
19.15 på strekninga frå 0
til fem kilometer.
19.14 frå fem til ti
kilometer.
19.14 frå ti til 15 kilometer
19.02 frå 15 til 20 km
19.11 frå 20 til 25 km
19.31 frå 25 til 30 km
19.10 frå 30 til 35 km
19.18 frå 35 til 40 km
For denne prestasjonen
vart Sverre Gunnar nummer sju av 1566 i eiga klasse, og nummer 147 av samtlege
deltakarar, som var det nette tal av 11 879.
VIL-Nett sender tunge
gratulasjonar til Brunstadekspressen og støtteapparatet!!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024