Konradløpet 2015 – Påmeldingsnytt nr 8
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Apr 2015

I 2014 sette Kari-Anne
Tryggestad Ryste ny damerekord i Konradløpet med 18.09. Tryggestad Ryste bur i
Ålesund, men kjem av opphav frå Stranda kommune. Ho representerer Sunnylven IL.
Tryggestad Ryste var ei
godt vaksen dame før ho gav seg i kast med springing. I 2014 var ho debutant i
Konradløpet. Ein særs vellukka debut som enda med tida 18.09, siger, og ny
løyperekord for kvinner. Nærast kom ungjenta Anna Elise Ullavik Sylte med tida
18.38, den nest beste kvinnetida gjennom alle tider.
No har altså
fjorårsvinnaren meldt seg på, og tida vil vise om ungjentene tuktar henne denne
gongen.
Hittil har det meldt seg
løparar frå åtte ulike kommunar, som er:
Stavanger, Sykkylven, Stranda, Norddal, Sula,
Aukra, Ålesund og Ulstein. Dei siste åra har vi på løpsdagen hatt deltakarar
frå kring 20 ulike. Om vi greier det dette året står att og sjå
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024