Sterk Påskekonrad av Roger Malvin

Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Apr 2015

Velledalen IL har i mange
år hatt eit tilbod som heiter Påskekonrad til påskegjestar og andre
interesserte. Kort sagt; den som vil får springe same løypa som løpet 1. mai
vert arrangert i, med eller utan tidtaking, på eit førehand annonsert tidspunkt
i løpet av påska.

I 2015 takka seks utøvarar
ja til tilbodet. Som ein ser tok familien Roger Malvin Hole samtlege
pallplassar, med familiefaren sjølv som den klart raskaste.

Alf Petter Bøe i
friidrettsgruppa har sendt oss desse tidene:

18.35: Roger Malvin Hole

21.50: Oskar K. Hole

22.12: Mathilde K. Hole

23.03: Oddbjørn Brunstad

23.13: Christina Holmberg

33.52: Per-Gunnar Holmberg
(gang)

Vi merkar oss at vêret
vart temmeleg nær slik VIL sin klubbmeteorolog (lavland) spådde.

Vi takkar Sandra Brunstad,
Ildri Bøe og Alf Petter frå friidrettsgruppa for eit godt arrangement.