Obs-varsel frå klubbmeteorolog
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Mar 2015
Velledalen IL har
to klubbmeteorologar, ein for lågland (Per-Gunnar Holmberg) og ein for
høgareliggande strok (Berth Wilhelmsen). Wilhelmsen spådde relativt tidleg i
2014 at 2015 skulle bli ein snørik vinter i høgda. Ein rimeleg rett spådom.
Sidan det var uvanleg mykje godvêr i 2014, vart
låglandmeteorologen permitert. Det vart rett og slett for lite å gjere. Men no
har denne meteorologen likevel vakna til liv, og smeller like godt til med eit
OBS-varsel for påska, sendt i ein e-post til leiaren av Velledalen IL:
Påskekonrad er lagt til ein periode med svært
uryddige vertilhøve. Det ser ut til å verte hustrig og kaldt, og det kan
bli mykje snø. Eg trur ein er avhengig av god snøbrøyting og plussgrader
for at det ikke skal verte ei fårefull ferd. Det kan vere lurt å ha ein
reservedag litt seinare i Påska…
Mvh
Per-Gunnar
f.t. permittert klubbmeteorolog
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024