Konradløpet 2015 – Påmeldingsnytt nr.6

Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Mar 2015

Det er ein og ein halv
månad til den 14. utgåva av Konradløpet vert arrangert med start frå Brunstad i
Velledalen. Påmeldingane sig inn, og vi har kika litt på dei hittil påmelde.

Då viser det seg at vi har
løparar frå seks ulike kommunar – desse er:

Stavanger

Aukra

Norddal

Sula

Stranda

Sykkylven

Dette året var Stavanger
fyrst ute av dei store byane

Hittil er tre nasjonar
representert:

Polen

Russland

Noreg

Både kommunetala og
nasjonstala ventar vi vil auke kraftig fram mot løpsdagen. Til denne tid er
ingen av utøvarane som har dei nasjonale rekordane meldt seg på.