Jostein Drabløs har passert 90
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Mar 2015
8. mars passerte Velledalen
sin kanskje største kulturhøvding, Jostein Drabløs, 90 år. Det mange ikkje
veit, er at Jostein også har vore ein særdeles viktig mann også i Velledalen
IL. Takka vere han er mykje av det historiske i laget på plass.
Som far til to gutar som
dreiv skisport (Helge skihopp og Eivind langrenn), tok Jostein sin del også i
yngre år. Men det fyrst og fremst då Velledalen IL i samband med 100 års
jubileumet tok til å samle inn idrettsminne, at Jostein Drabløs for alvor kom
på bana.
Han hadde vore så framsynt
at han hadde gjort lydbandopptak om idrett med eit fint knippe frå den eldre
generasjonen i Velledalen. Dette kom han med, og overleverete til VIL. Det
dreia seg om karar som Edvard Drabløs, Karl K. Nakkeberg, Peter P. Fet, Sverre
S. Brunstad, Knut F. Drabløs, Sigvart R. Velle (VIL sin fyrste æresmedlem),
Severin Hole og Fredrik Drabløs.
Gjennom desse intervjua, historiske
dokument i særklasse, fekk vi god kjennskap til korleis idrettsrørsla vart
driven i åra 1910-1940.
Vi er evig takksame for
det arbeidet Jostein Drabløs har lagt ned på dette feltet. Til ære for 90 års jubilanten
tek vi med eit intervju han gjorde med Peter P. Fet om pionertida i Velledalen
IL. les her
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024