Helsing til Anita
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Mar 2015
Ikkje lenge etter målgang
i Vasaloppet har vi langrennsleiaren i Velledalen IL på «tråden» frå Mora i
Sverige. Der hadde han relativt kort tid tidlegare kryssa mållina som nummer
761 av 15 800 påmelde.
- Jau, det gjekk
bra ingen uhell! Det er pussig kva ein greier vri ut av kroppen når ein må. Eg
hadde god gli. Litt for glatt til å gå god diagonalgang, så det vart mykje
staking. Men glien er viktig i Vasaloppet.
Så snakka vi litt om
prestasjonane til andre løparar, sluttida til rennvinnarane, at Knut Anders slo
Justyna Kowalczyk, vêret på Sunnmøre og ymse anna, før Svein Arne kjem med
fylgjande spørsmål:
- Går det an å få
sende ei helsing på VIL si nettside?
- Sjølvsagt gjer
det det, fyr i veg du
- Ja då vil eg
helse til kona mi, Anita. Du skjønar vi har tolv års bryllaupsdag i dag. Eg vil
helse og takke for at ho passar «fortet» medan eg er borte.
- Så du gjerne har
bryllaupsdag på sjølvaste kvinnedagen?
- Du skjønar det
måtte passast inn slik at det korkje kolliderte med Birkebeinerrennet eller
lamming.
Det forstår vi. Og med
dette held vi lovnaden, og
sender vi ei varm helsing
og takk, frå Svein Arne til kona Anita for tolv gode år!
Og
Velledalen IL hengjer seg på, med gratulasjonar til både Anita, Svein og
tvillingane. Ein viktig familie i VIL sitt lagsarbeid, med stort og ekte
engasjement for den lokale idrettsrørsla
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024