Trimpoststatus 2015 – Regndalen

Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Mar 2015

Regndalen har ikkje vore
lettaste turmålet i dei fem månadane som er unnagjort av sesongen. Difor må det
mest omtalast som ein sensasjon at Geir Olav Drabløs alt har 59 turar til
posten (1.mars). Med dei sju beste månadane att, kan han vere kapabel til å slå
Geir Helge Grebstad sin rekord på posten – om han vil. Eller han kan velje eit anna alternativ;
kontrollere inn til trimpostsiger i Regndalen. Han har alt fleire turar enn
vinnaren hadde sist år.

Nærast fylgjer Martin Velle på trygg
andreplass med god avstand bakover.

Stoda i Regndalen 1.mars 2015:

59 turar: Geir Olav
Drabløs

17 turar: Martin Velle

3 turar og mindre: Mange

Velledalen IL set stor
pris på at nye mosjonistar vert storbrukarar av trimpostane. Såleis prisar vi
nye friske pust som frå Martin og Geir Olav i Regndalen.