Konradløpet 2015 – Påmeldingsnytt nr 3
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Feb 2015
Påmeldingane sig inn til
Konradløpet, og i dag set vi søkjelyset på dei purunge deltakarane. Vi har alt
fått påmeldt eit par slike; Tobiasz Janiak og Erling Johannes Tandstad.
Desse krabatane vil knappast
vere året. Vi er ikkje heilt sikre på Erling sin alder, men Tobiasz vil ikkje
ein gong vere eit halvt år løpsdagen. Og dette går nok heilt flott, med
foreldre som ser det mulege i staden for problema.
Erling Johannes Tandstad
kjem frå Langevåg. Han er son til Katinka og Jo Andre Tandstad. Paret som har
bestetida for sambuarar/ektepar med 37.27 (samanlagt). Ein rekord som skriv seg
tilbake frå 2011, og som fort gjort kan overleve enno eit år.
Også foreldra til Tobiasz
er trufaste deltakarar i Konradløpet. Dei er polske og heiter Anna og Remigiusz
Janiak. Vi nemner at polakkane vann i fjor nasjonskampen mellom utlendingane
basert på antal påmelde deltakarar. Hittil har dei fire påmelde, sidan også
trimpostvinnar (skogsvegen Hjorthol) Robert Rakoczy, er mellom dei påmelde til
løpsfesten 1. mai.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024