Æresmedlem fyller 60
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Feb 2015
Dei aller fleste vil tenke
Idrettsskule i samband med Bjørg sitt namn. Og det er rett nok. Ho er nok den
personen som har lagt ned flest timar i dette prosjektet – både som organisator
og instruktør – sidan det heile starta i kommunal regi i 1992. Alt året etter
stod VIL for drifta åleine.
Men Bjørg var godt inne i
idrettslaget lenge før dette. Inspirert av ein god skule i SIL si turngruppe,
starta ho opp småbarnsturn lenge før idrettsskulen kom i gang. VIL var i fleire
år medlem av Gymnastikk-og Turnforbundet.
I 1986 vart Bjørg
Velledalen IL sin fyrste kvinnelege leiar. På tide vil mange hevde, ganske
nøyaktig 80 år etter laget vart skipa
I 2005 vart ho utnemnd til
æresmedlem i Velledalen IL, som den fyrste og hittil einaste kvinne.
Men utanom Idrettsskulen,
er det nok fyrst og fremst trimgruppa folk knyter opp mot Bjørg sitt namn. Der
har ho fleire tiår med aktiv teneste bak seg. Mellom anna kjend som dama som
varmar opp folket før Konradløpa frå sin posisjon i ein traktorhengar, ganske
nøyaktig klokka 04.40 dei siste 13 åra på ein raud kalenderdag - 1.mai.
Er det rart vi set pris på
ei slik dame…?
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024