Finfin VIL-innsats i Fjellsæterrunden

Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Feb 2015

Håkon Fet hadde best tid i
bedriftsklassa med fine 40.48 etter ein runde. Planen var at Håkon skulle gå
lang løype, men problem med utstyret gjorde at han måtte stå av halvvegs.
Friidrettsleiaren vår, Alf Petter Bøe, vart nummer tre med tida 44.00

Kjell Magnar Berli vart
beste løpar frå Sykkylven kommune denne gongen. Med tida 1.10.27 vart han
klassevinnar i klasse 26-30 år. Fem løparar hadde betre tid, slik at Kjell
Magnar vart nummer seks totalt. Særs lovande med tanke på Birken.

Svein Arne Nakken var nest raskaste
sykkylving med tida 1.12.15, som heldt til andreplass i klasse 46-50 år. Svein
var denne gongen fire sekund føre rivalen Fridtjof Fredriksen, SIL.

Terje Aurdal drog til med fin tredjeplass i
klasse 61-65 år, tid: 1.19.31. Berth Wilhelmsen brukte 1.20.56 som vinnar av
klasse 70+.

Rennvinnar vart Bjørn Ole
Vassbotn, Volda T&IL, på 1.07.57. Liv-Janne Øvrebust vart best av damene på
sterke 1.15.06 i klasse 46-50 år.

BESTE TREMANNSLAG:


 1.
  


 Volda T&IL 3.26.25


 2.
  


 Valldal IL 3.35.15


 3.
  


 Velledalen IL (Kjell Magnar, Svein og Terje) 3.42.13

Kan det vere noko i at lag
som startar med V er dei beste..?