Konradløpet 2015 – påmeldingsnytt nr.2
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Feb 2015
Konradløpet
vart fyrste gong arrangert i 2002 med 195 deltakarar, men utan ein einaste
Konrad. Fyrste Konraden kom med i sjette løpet i 2007.
Som dei fleste
sikkert veit er det gratis deltaking for alle med Konrad som føre- eller
mellomnamn, og for alle deltakarar over 90 år (Tomas Tandstad den einaste).
I dag set vi på trykk ei oppdatert liste over alle
Konradar i Konradløpet:
·
Jarle
Konrad Fausa, Fausadalen (Stranda kommune) – 7 gonger
·
Konrad
Lillebø, Ålesund – 6 gonger
·
Konrad
Brunstad, Tingvoll – 4 gonger
·
Konrad
Lade, Hellesylt – 1
·
Konrad
Gausemel, Hornindal -1
Konrad Gausemel (84):
Denne mannen
vart i 2014 vekt midt på natta, kledd på og frakta ut i Velledalen. Der mønstra
han opp på startstreken, og då Bjørn Lade sende av garde startskotet presis
klokka 05.00, måtte Konrad berre fylgje straumen saman med 321 andre. Slik vart
Konrad Gausemel frå Hornindal eldste Konrad som hittil har delteke – og fullført
- i Konradløpet.
Yngste Konrad
som har delteke er Konrad Lade, utan at vi er sikre på kor gamal han var.
No har vi
sykkylvingane fått vår eigen Konrad, så kven veit; kanskje kan vår eiga bygd
snart vere representert på denne eksklusive lista
Pr. 20.
februar er ingen Konrad påmeldt til årets løp
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024