Holmenkollstafetten 9. mai

Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Feb 2015

For ei tid tilbake etterlyste
friidrettsleiar Alf Petter Bøe, løparar av begge kjønn til Holmenkollstafetten
i Oslo 9. mai, der Velledalen IL har meldt på lag i miksa klasse. Om responsen
seier han fylgjande:


 -  Den har vore om
lag som venta. Eg har seks menn på blokka, ingen kvinner. Vi treng 15, men har
heldigvis gode hjelparar på Austlandet, så vi er heilt klart optimistar, seier
Alf Petter. Han spring vanlegvis for den sterke nordmørsklubben Rindal IL, men
gjer eit unntak i Holmenkollstafetten då han representerer Velledalen IL.


 -  Har du anna nytt
å melde?


 -  Håpet er at splitter
nye klubbdrakter er på plass før osloturen. Det er i alle fall målet, men kan
ikkje garantere at det går.


 -  Har du plass til
fleire lokale utøvarar på laget?


 -  I fjor var vi tre
mannfolk frå Velledalen, resten henta vi frå Bergen og Osloområdet. I 2015 er
målet å auke til minst fem lokale løparar – førebels har vi fire. Heldigvis har
vi Hilde Tandstad, Sverre Gunnar Brunstad og Roger Hole som gode hjelparar også
denne sesongen. Lag vert det garantert!


 -  Og
Holmenkollstafetten i framtida..?


 -  Interessa for å
representere Velledalen IL synest stor mellom utøvarar som kjem utanfrå.
Faktisk kan det bli snakk om reint herrelag i 2016.

Førebels er det lite som
tyder på at interessa vert så stor at ein må til med testløp – slik ein måtte
på 1980-talet – då ein sende både herre- og damelag til Oslo.

Hittil har fylgjande «gutar» meldt seg:


 ·
  

 Karstein Jensen


 ·
  

 Rolf Haxthow


 ·
  

 Njål Torillson
Tyssing


 ·
  

 Kjell Magnar
Berli


 ·
  

 Anders Wigdahl


 ·
  

 Alf Petter Bøe