Årsmelding frå (hopp-) og langrennsgruppa sesongen 2013 - 2014
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Feb 2015
Aktiviteten til
langrennsgruppa har siste året vore på eit totalt botn-nivå reint sportsleg.
Den snøfattige vinteren får ta skulda åleine. På Fjellsætra vart skiløypene
oppkøyrde kun ein einaste gong, ei stund før jul i 2013. Etter dette vart det
ikkje førhold til å gå på ski vinteren gjennom. Dette gjorde at faste innslag
som Fjellsæterrunden, Det Store Folkerennet og andre mindre renn som klubbrenn
og Bygdameisterskap måtte avlysast.
Som følgje av den
elendige vinteren har langrennsgruppa berre hatt eitt møte der heile gruppa var
samla. Dette møtet vart halde rett etter årsmøtet. I dette møtet konstituerte
vi gruppa og diskuterte laust og fast med tanke på framtida. Eitt viktig tema
var lysløypa for langrenn. Langrennsgruppa var av den formeining at alt måtte
settast inn for å få henne ferdigstilt i løpet av sommaren/hausten 2014.
Fasiten viser at vi GREIDDE det. På tampen av hausten vart endeleg lysa tende
og lysløypa var ferdig! Då ein kunne endeleg sette punktum for fleire 10-år med
arbeid. At løypa har vore sakna er tydeleg. Bruken av løypa har fram til denne
datoen vore MYKJE større enn kva ein kunne rekne med. Folk i alle aldrar tek
seg ein skitur i den flotte lysløypa for langrenn på Fjellsætra.
Før lysløypa kunne
takast i bruk har mange personar vore med å hjelpt til med små og store
gjeremål. Det har vore rydda skog og kratt. Det har vore bore ned rekvisita som
leidning, jordfundament, stolpar og armatur. Armatura fekk vi kopla på dugnad.
Dette gjorde vi på Tynesfabrikken. Her sparte vi mange kroner.
Eitt arbeid det var
sett visse spørsmålsteikn til, var korleis vi skulle få dei to høg-mastene ned
frå parkeringsplassen og ned til fundamenta sine. Her tromma vi saman heile 20
mann som skulle vere med å bere, men det vart veldig tungt. Lukka var at vi
fekk uventa traktorhjelp, og då løyste det meste seg. Berre siste metrane fram
til fundamentet vart gjort med handemakt. Gravemaskina til maskinentreprenør
Dags Maskin fekk dei opp i loddrett posisjon.
Langrennsgruppa
takkar til alle, ''ingen nemnt – ingen glemt...'', som har vore med å hjelpt
til med å få lysløypa realisert.
Ramstaddalsløpet:
''Stafettettpinnedugnaden''
Ramstaddalsløpet for medlemmer og sympatisørar vart planlagt og gjennomført av
langrennsgruppa og friidrettsgruppa ved Alf Petter Bøe og Svein Arne Nakken i
nært samarbeid med leiar Atle Hole. Laurdag den 11. oktober kl. 09.30
braut Oleanne Øye Hole startsnora og
løpet var i gong. Etter 3 timar 55 minutt og 24 sekund sprang ankermannen Oskar
Bakken over mållinja. Då hadde 61 ulike personar delt på å frakte stafettpinnen
dei 51 km frå start til mål. Veret var også denne gongen på vår side med topp
haustver. Yngste deltakar var Astrid Godøy Hjortdal på 2 år og i motsett ende
Paul Hole på 85 år. Etter målkomst hadde vi kakefest på Grendahuset med rykande
ferske lysbilete frå løpet. Løpstraséen er den same kvart år:
Joker-Velledalen
via
Fjellsæter-området til Fausaskiftet. Vidare Fasteindalen og
Ramstaddalen til Aure. Over Sykkylvsbrua til Straumgjerde, Straumsheim, Fet og
gamlevegen framatt til butikken.
Velledalen IL har hatt desse aktive løparane i
sesongen 2013-2014:
Kjell Magnar Berli, Karstein Jensen, Terje Aurdal, Jan Ringseth, Svein
Arne Nakken.
Som fylgje av den dårlege vinteren, har det blitt heller få skirenn,
men trioen Berli, Jensen og Nakken deltok i Furusjøen Rundt (45km) på
Kvamsfejellet i Gudbrandsdalen medio februar.
Svein Arne Nakken var også med på Vasaloppet (90km), med eit heller
svakt resultat denne gongen.
Terje Aurdal har representert laget i utlandet.
Han reiser saman med ein gjeng frå Geiranger, og dette reisefølgjet har eit
skirenn i utlandet fast på programmet. I 2014 gjekk turen til Polen.
Når det gjeld Birkebeinerrennet, vart dette
tatt av vinden og arrangørane måtte avlyse. For VIL var Kjell Magnar Berli,
Karstein Jensen og Svein Arne Nakken påmelde. Vi måtte derfor gjere vendereise
frå Rena med uforetta sak.
For detaljar viser vi til arkivet på nettsida
vår:
www.velledalen.net/idrettslaget
Straumgjerde 10.
februar 2015
For Velledalen IL,
langrennsgruppa
Svein Arne Nakken,
gruppeleiar
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024