Henrik nr 5 i NM
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Feb 2015
Mangekjemparen Henrik
Johan Holmberg frå Vik IL, og med røter på farssida frå Velledalen, er denne
helga i Steinkjer i Nord-Trøndelag. Der vert det arrangert NM i friidrett - sjølvsagt innandørs.
I går deltok Henrik i
kule. Der opna han med eit mislukka kast litt over 11 meter, før han følgde opp
med fire særs jamne kast over 12 meter og eitt dødt. Beste tøtet målte 12.30
meter, noko som heldt til 5.plass i NM. Om nokon lurer så veg kula 7,26 kilo.
I dag deltek
Moten/Ragnhild-sonen i fleire øvingar. Les VIL-Nett, eit sikkert organ for
stoff frå lokal idrett!
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024