Blir du med på Holmenkollstafetten 2015?

Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Feb 2015

Velledalen IL gjorde
comeback etter 30 års opphald i Holmenkollstafetten i 2014. Før nyttår vart det
meldt på lag for 2015. Stafetten går andre laurdagen i mai (9.mai).

I 2014 var ikkje meir enn
tre av deltakarane på laget busette i Velledalen (Karstein, Alf Petter og Kjell
Magnar). Målet er å auke til fem i 2015. Men elles set vi også dette året vår
lit til gode medspelarar på Austlandet som Hilde Riksheim Tandstad, Roger
Malvin Hole og Sverre Gunnar Brunstad.

Kan du tenkje deg delta…?
Etappane er frå 390 meter ( den kortaste) og oppover. Vi treng både «jenter og
gutar» då vi stiller i klassa for miksa lag. Potensielle deltakarar gir ei
tilbakemelding til Alf Petter Bøe, telefon 901 62 279