Konradløpet – oppdatert liste

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Feb 2015

Som ein ser av lista er
mange nasjonar representert. Litt underleg at naboland som Sverige og Danmark
ikkje finst på lista, tykkjer du kanskje..? Vi har i alle fall hatt svenskar
til start, men sidan det ikkje er tidtaking på meir enn om lag tredjedelen av
dei startande, er det fort gjort å hamne utanfor.

Difor seier vi det slik at det finst fleire
nasjonale rekordar enn dei som blir presentert på denne lista, men dette er
altså dei
  beste nasjonale rekordane.

14.11: Abdulaziz Ibrahim,
Eritrea (2013) - løyperekord

14.48: Knut Anders Hatlen,
Noreg (2012)

16.34: Michael Uhlar,
Tsjekkia (2010)

17.55: Niek Schreijer,
Nederland (2014)

18.12: Daryl Matthews,
Australia (2009)

19.23: Olgierd Arski,
Polen, (2014)

20.29: Fadel Traore,
Elfenbeinskysten (2007)

21.17: Georgi Todorov, Bulgaria (2004)

21.35: Mindaugas Capskas, Litauen (2006)

21.51: Irrfe Renz Bagol, Filippinane (2009)

22.07: Martin Lotz, Tyskland (2010)

22.12: Maxim Gerashschenko, Russland (2011)

22.16: Victor Scattergood, England (2009)

Som vi ser er Knut Anders
Hatlen, som sist helg vart nummer 83 i Marcialonga i Italia, den norske
rekordhaldaren i Konradløpet.

Elles finn du fyldig
konradløp-statistikk på nettsida, du finn den i venstre marg.