Påmelding til Konradløpet opnar om få dagar
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Jan 2015
1.mai 2015 fell på ein
fredag. Ein høveleg dag for ein formtest – eller ein liten spasertur for dei
som ikkje ynskjer teste seg. Alle er like velkomne.
Opplegget er nokså likt
slik det har vore . Minikonrad den 30. april for aldersgruppa 0-16 år, medan
hovudløpet som vanleg har start 05.00 den 1.mai. Etter løpet vert det
konradfilm, premieutdeling og gratis frukost i Velledalen grendahus.
Startkontingenten vert slik:
Born: 100
Vaksne: 150
Familie: 350
I 2014 hadde vi Martine
Lorgen Øvrebust, Stordal IL, som premieutdelar etter Minikonrad. Ho har siste
dagane delteke i Ungdoms-OL i Lichtenstein, og kom heim med sølvmedalje i
stafett, bronsemedalje på klassisk sprint, i tillegg til fjerde- og
åttandeplass i dei to individuelle renna. Prima levert!
Til orientering; premieutdelar for 2015 er
ikkje heilt klart enno.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024