Vinterhelsing frå Vik i Sogn
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Jan 2015
Sjå foto! Dei fleste i
litt moden alder dreg kjensel på mannen. Morten Holmberg, oppvaksen på Brøvoll,
eldste «avkommet» til John og Reidun Holmberg. Eigentleg har han ikkje endra seg
særleg mykje sidan han var gutahyn, den gongen Bruahaugane var arena for
rattkjelkekøyringa. Kanskje er frisyren eit snev tynnare i dag enn på 70-talet,
men kler ein seg rett er det uråd å sjå. Morten skriv:
- Hallo! Ei lita vinterhelsing
ifrå Vik i Sogn. Biletet er frå Vik Fjellandsby. Vik Skisenter og Vikjafjellet
i bakgrunnen. Kan ein ha det betre?
Nei, neppe stort betre.
Men før du set deg på rattkjelken din må du syte for å kle deg godt og ha refleksutstyret
i orden. Manglar du refleksvest kan Morten hjelpe deg med det – varme sokkar
også. Og mykje anna for den saks skuld. Kontakt han på:
e-post: post@holmbergas.no
Tlf: 917 26 176
Eller du kan gå inn på:
www.holmbergprofilgaaver.com
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024