Leiv Alnes passerer 60 - på bortebane
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Jan 2015
Ja det var ikkje alltid så
greitt på bortebane. Ein gong skulle VRF spele treningskamp mot Godøy, der Leiv
har røtene sine på farssida, på bortebane. Vi skulle ut på Godøya, og der hadde
ikkje mange av oss vore før, fordi Godøy på den tida var langt dårlegare enn
VRF – på papiret vel og merke.
Vi kom ut på Godøya, og
vinden var strid. Alle mannlege tilskodarar gjekk i polstra kjeledressar, så
dette var vel ein normal dag der ute. Kampen kom i gang. VRF sleit. Fekk lite
til anten vinden bles med eller mot. Kampen enda med tap for dei gulsvarte. VRF
sine vanlegvis solide målmenn sleppte inn tre mål, mot to ballar i rett mål.
Nederlaget må omtalast som surt.
Vel heime ville Alnes-Lars
vite korleis det gjekk ut på Godøya. Leiv svara slik:
- Vi tapte 3-2, men
der var slik vind at det var ikkje råd å spele fotball.
Alnes-Lars tenkte ei lita
stund, så kom det:
- Bles ikkje det på
dei då…?
Ei lita historie til:
Kløkne kalkunar
For nokre tiår sida var
Bjørn Asle Lade (Brua-Bjørn) den store kalkunbaronen i Velledalen. Kalkunane
kom til Sunnmøre i fly, og når dei landa på Vigra var tida knapp. Då måtte dei
hentast snøggast råd, delast ut til ferske, lokale oppdrettarar. Og ein måtte
ha varmelampa klar, for dette var kløkne sakar som slokna for det minste
straumbrot
Bjørn delte ut fem kalkunar
her og fem der, raskt og effektivt. Leiv var mellom dei som såg fram til nokre
gode kalkunmiddagar litt fram i tid. Men alt gjekk ikkje etter planen. Ein
kveld han kom på fotballtrening kunne han levande skildre korleis varmelampa
hadde svikta, med det resultat at heile «buskapen» var utanda.
Men Bjørn visste råd og fekk omplassert
nokre, slik at Leiv på ny vart oppdrettar. Rett nok hadde nokre av dei små
defektar, men eksperten i dalen meinte dei hadde livets rett.
Nokre dagar etter var det
på ny fotballtrening. Vi låg på bakken på Slettegjerde og dreiv med tøyningar
då Leiv kremta og byrja snakke kalkum:
- Tru´kje dokke at
katten vår hadde teke seg ein tur ned i kalkunkassa i går. Og gjort godt
arbeid. Då eg oppdaga det var alle daude.
Det vart ei underleg
stemning. Vi følte med den ferske oppdrettarane som hadde vore maksimalt
uheldig, til og med to gonger, men samstundes det var vanskeleg å ikkje trekkje
på smilebandet.
Så tok broren, Bjarne,
ordet med heilt alvorleg stemme:
- Nei Leiv, eg trur
du heller skal byrje med gulrøter eg, dei tek i alle fall ikkje katten.
Så kneggja han godt, og
dette vart replikken som letta
stemninga.
PS 1: Det var etter dette
Leiv byrja sjå seg om etter jobb i Kraftverket.
PS 2: Då det leid fram mot
jul kom kalkunkjøt på tilbod i butikkane. Og då oppdrettarane summerte
utgiftene sine, viste det seg at det ikkje greidde produsere til
konkurransedyktige prisar. Dermed var det sjølvslutta, men det var moro så lenge
det varte.
Viktig spelar
Til slutt ei historie frå
like etter konfirmasjonsalderen, då vi spela på VRF sitt gutelag (14-16 år).
VRF hadde eit solid lag og vann avdelinga si. Dermed skulle vi spele mot dei to
andre avdelingsvinnarane om KM-tittelen.
Heimekampen vår skulle gå
mot Rollon. Av ein eller annan grunn gjekk Leiv til ein personleg «streik» like
før den kampen, som vart spela på grusbana i Velledalen. Utan Leiv i målet
tapte VRF kampen 0-7.
Leiv var heller ikkje der
som tilskodar, men eg minnest at det vart sagt at Leiv hadde sett kampen frå
sin post oppe i Regndalen. Leiv Arne slo sterkt tilbake, alt året etter var han
i VRF sin A-stall.
GRATULERER!
Som ein ser. Minna lever
frå barndom, ungdom og vaksen alder. Eg har mange med meg i Velledalen og
Straumgjerde som tvillaust vil gratulere ein fargerik og kjær idrettskamerat
med 60 års dagen.
Atle Jomar Hole
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024