KM i langrenn i helga
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Jan 2015
Er det krise innan
skisporten i Sykkylven?
Mange vil meine at svaret
er JA. Ja, fordi forholda for og drive skiidrett er gode, men klubbane ser ut
til å mangle både eldsjeler og utøvarar.
For 14 dagar sidan
arrangerte Spjelkavik IL renn på Strandafjellet. Eit renn som bar namnet «Fjellseterrennet»,
og som talde som uttak til Alpin Landscup og Hovudlandrenn. I tillegg var
rennet med i den lokale krinscupen, Sparebanken Møre Cup. Rennet gjekk utan
deltakarar frå Sykkylven.
Denne helga, 24. og 25.
januar, vart det arrangert KM i langrenn. Laurdag 24. januar stod Vistdal IL
som arrangør av rennet i klassisk stil, såkalla normaldistanse. Påmeldingslista
fortel at ingen frå Sykkylven kommune stiller.
Sundag 25. jaunar er
Tomrefjord IL arrangør på Tomrefjordfjellet. Rennet er KM i fristil,
langdistanse, og tel med i den lokale krinscupen, på same måte som rennet i
Vistdal. Heller ikkje rennet i Tomrefjord har deltakarar frå Sykkylven kommune.
Fristilrennet til
Tomrefjord IL er samstundes fyrste rennet i den nye turlangrennscupen som Møre
og Romsdal Skikrets startar opp denne sesongen, og der Fjellsæterrunden er eitt
av renna. Det einaste fristilrennet i denne cupen. Men diverre, påmeldingslista
seier rennet går utan deltakarar frå Sykkylven kommune.
Vi kan like det eller
ikkje. Akkurat no er laga i Sykkylven kommune i botnen av bølgjedalen både i
alpint og langrenn. I hopp har vi vore der stabilt lenge, einast modige
veteranar som Arnt Cato Eidem og Jan Ringseth har krydra tilveret.
Med dei forholda vi no rår
over på alpin- og langrennsida, er det direkte flaut å vere fråverande frå
lokal skisport. Og det verste er at vi vert snakka negativt om av andre – bygda
med dei beste forholda, men utan aktive!
Men vi kan snu det, og det
på tide og starte klatringa ut av botnen! Fyrste vesle steget kan fint takast
alt onsdag 28. januar under FjellsæterCup i den nye lysløypa i Ladalen. Start
når du vil i tidsrommet 18.00 -19.30. Tiltaket er eit samarbeid mellom
Sykkylven IL og Velledalen IL.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024