Uflaksprisen til Astrid L. Drabløs

Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Jan 2015

Frå Fetvatnet rundt 2010
Astrid L Drabløs er mellom
dei trufaste på denne trimposten. 298 turar vart resultatet sist sesong. Med
andre ord nesten ein dagleg tur.

Men nyttårsdag var uhellet
ute. Astrid fortel:


 -  Det var litt
vanskeleg forhold denne dagen. Glatt somme plassar og litt sørpete andre
stadar. Difor gjekk eg ute på kanten av vegen.


 -  Sjølve uhellet
var fort gjort. Eg gjekk brått i bakken. Det viste seg at eg hadde sett foten
inn i ei tynn grein som hadde bøygd seg og frose fast i vegen.


 -  Eg reiste meg
forsiktig opp, og tusla meg heimatt. Smertene ville ikkje gi seg og foten hovna
opp. Litt seinare vart det sjukehus og gips på foten.


 -  Så no må eg ta
det med ro, men tusen takk for prisen! Det var overraskande, men vel ikkje
heilt rett sidan det var 1. januar 2015 det hende.

Akkurat det ser ikkje
Velledalen IL så nøye på. Så lenge det hende før Idrettsgallaen vart det pris
til Astrid – Uflaksprisen 2014, det var nemleg då greina fraus fast.

Vel fortent, og vi vil tru
trimposten i skogsvegen Fet vil sakne ein av sine trufaste besøkande dei
næraste dagane.