Helsing til Odd-Kåre og Grethe

Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Jan 2015

Ingen utøvar representerte
idrettslaga i Sykkylven kommune i dette rennet, trass det vakre namnet, og at
rennet var viktig. Det talde som kvalifisering til Alpin Landscup, til
Hovudlandsrennet og i den lokale krinscupen (Sparebanken Møre Cup).

Det er no drygt 45 år sidan sykkylvingane fekk
skitrekk og alpinanlegg i Ladalen. Nærast over natta fall hoppsporten som
konkurranseidrett i Sykkylven, medan alpinsporten blømde, i større eller mindre
grad - heilt til no.

Sett med sykkylvsauge var
rennet på Strandafjellet nitrist. Trygve Furland var rett nok god som
prøvekøyrar(!!!), men der var ingen sykkylvingar med startnummer på brystet i
sjølve rennet – på resultatlista stod ingen frå vår bygd.

Spjelkavik IL har ikkje
anlegg, men mønstra 30 utøvarar i rennet. Vår eiga bygd med prima anlegg mønstra ingen. Nok eit døme på at
eldsjelene i mange tilfelle er viktigare enn anlegga. Lenge leve eldsjelene!!

Men midt i denne sorga
fann vi likevel eit lyspunkt. Mellom blåtrøyene frå Spjelkavik IL fann vi Isak
og Jakob, begge med etternamn Fet Vindenes. Med moderleg opphav frå Velledalen
og masse nær slekt i Sykkylven. Vi vil i alle fall tru besteforeldra Grethe og
Odd-Kåre Fet kjenner dei att på biletet. Fotoet viser Spjelkavik sin tropp som
køyrde kort løype.



Trygve Furland