«Årets gruppeleiar 2014»
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Jan 2015
«Årets gruppeleiar 2014»
gjekk til ein innflyttar. Ikkje «Kufjorden» sin store son, men til Bøfjorden
sin desidert største son i Velledalen. Altså ein nordmøring, til hjelp for dei
som vaklar i geografien.
Alf Petter Bøe har hatt
eit særdeles aktivt år som gruppeleiar i friidrettsgruppa til Velledalen IL.
Mellom anna med deltaking i fleire løp med gode resultat for Rindal IL.
Nedanfor presenterer vi litt av det han har vore med på siste året.
·
Alf Petter Bøe
èin av tre frå Velledalen IL som gjekk dommarkurs i friidrett i februar
·
9. april vart
friidrettsavtalen mellom Ikornnes IL, Sykkylven IL og Velledalen IL
underteikna. Alf Petter Bøe signerte for Velledalen IL.
·
13. april vann
Bøe klasse 45-49 år under Hitraløpet. Tid: 25.44 på sju km.
·
Med på
arrangørsida under Minikonrad og Konradløpet 30. april og 1. mai
·
Fullførte
Konradløpet i fin stil i sluddbyger, nr 8 av 322 på tida 16.13
·
9.mai vart
sesongens fyrste friidrettskarusell arrangert på Ikornnes Idrettspark
·
10.mai var Alf
Petter både løpar og med i administrasjonen då VIL gjorde comeback i
Holmenkollstafetten etter eit opphald på 30 år. Laget kom på 235 plass av 1520
full klasse A1 og vart premiert.
·
30. mai var unge
Bøe på arrangørsida då Velledalen IL friidrett arrangerte Koldabakken Grand
Prix.
·
5. juni
arrangerte samarbeidslaga treningsstemne i friidrett på Ikornnes Idrettspark.
·
I juni gjorde AP
Bøe det skarpt i Kaptein Dreiers Minneløp på Sunndalsøra, der han var saman med
Kjell Magnar Berli.
·
10. august var
han igjen på arrangørsida då Velledalen IL var medarrangør i motbakkeløpet «Opp
på Bruna»
·
23. august vart
Sykkylven Rundt arrangert. Her var Velledalen IL tungt inne i administreringa
og laget vårt hoppa frå fjerdeplass i 2013 til andreplass i 2014
·
I september var
Velledalen IL friidrett medarrangør under Panoramaleikane i friidrett på
Ikornnes.
·
Friidrettsgruppa
assisterte trimgruppa under idrettsmerkeprøvene på Dalemyra i oktober
·
11.oktober vart
Ramstaddalsløpet arrangert – eit samarbeid mellom langrenn/friidrett
·
8. november opna
Vinterkarusellen i Ålesund med løp. Alf Petter vart nummer tre på fem kilometer
·
Friidrettsleiaren
har elles delteke i løp i Volda og sikkert også andre stader, men har også vore
ein del skadeplaga i 2014. Og han har ikkje minst vore ein stødig mann under
arrangement som Førjulsmessa .
·
Starta opp
treningsgruppa «Team Bøe» for saktegåande utøvarar under
rehabilitering/slanking/kurering av grevinne-heng.
Var ikkje dette ein pris
verdig …..?
Sei gjerne meininga di på
laget si facebookside når saka kjem der
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024