«Årets mosjonist 2014»
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Jan 2015
arkivfoto av Ingrid på Myrdalsfjellet
Flest poeng på trimpostane
i 2014 var det Inger Anne Riksheim som samla. Soleklart mest med 3018 poeng.
Personen som vart kåra til «Årets mosjonist 2014», var ikkje inne på topp-10
samanlagt.
Dama som tok tittelen er
likevel ein flittig brukar av trimpostane. Og det har ho vore langt tilbake i
tid. Men ho «gir» gjerne topp-plassen til andre. Ein fin gest som vi meiner
fortenar ein pris.
Og vi tippar du er samd når vi her presenterer Ingrid
Brudevoll sitt «rulleblad» frå 2014:
2. plass på Myrdalsfjellet
bak Elling Hole.
2. plass skogsvegen
Hjorthol bak Robert Adam Rakoczy.
3. plass Koppen bak Anita
Hjorthol og Åge Vanebo.
4. plass (delt) på
Holetindane bak Nils Skylstad, Arnhild Linga og Per-Gunnar Holmberg.
Utanom Ingrid var det
berre trimgruppeleiaren, Nils Terje Skylstad, som greidde fire topp-5
plasseringar. Hans plasseringar var 1. 3. 5. og 5. plass.
Dermed måtte prisen
avgjerast på plass-siffer. Summerer ein desse vert talet 11 for Ingrid og 14
for Nils. Slik avgjorde juryen prisen i Ingrid sin favør.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024