Olaf Einar Øien vart «Årets Vinnarskalle 2014»
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Jan 2015
Sjå foto!Olaf Einar Øien saman med ein annan veteran.
Nemleg Inge Asbjørn Haugen. Honndøl god som nokon , men som bur på Nordfjordeid.
Inge Asbjørn er den mannen i heile nasjonen Noreg, som har fullført flest
maratonløp. Målet til mannen, som er kring ti år yngre enn Olaf, er jubileum
(500) i heimbygda til sommaren.
Olaf Einar Øien fyller 72 år i 2015. Framleis spring han.
Både mykje og langt. Aller helst halvmaraton, ein distanse som i meter skal
vere 21 095 . Pågangsmotet er det med andre ord ingen ting i vegen med.
Olaf er ein av dei som oftast representerer Velledalen IL
utanom heimbygda. I klasse 70-74 år. Naturleg nok er det ikkje fælt mange i
akkurat den klassa. Difor vinn Olaf ofte. Ja, han vinn faktisk mest av alle i
laget, og difor meinte juryen at Olaf Einar Øien var mannen som måtte få
tittelen «Årets Vinnarskalle 2014» - GRATULERER!!
Her er litt av det
Olaf har gjort i 2014:
·
Konradløpet på tida 21.43.
·
Eikenosa Opp (motbakkeløp) på 31.46.
·
Nr. 2 i Varden Opp ( Motbakkeløp Sula) – mindre enn
minuttet bak vinnaren.
·
Olaf vann klasse 70-74 år i Nibbeløpet på
2.56.11
·
Klassevinnar i 70-74 år i Saudehornet Opp i
Ørsta på 1.55.17
·
Klassevinnar i klasse 70+ i Opp på Bruna i
Straumgjerde
·
Vann halvmaraton i kl 70+ under Nordvestmaraton
på Hareid. Tid: 1.57.41
·
Olaf vann halvmaraton i kl 70-74 år under
Nyttårsmaraton i Ålesund på snøføre på 1.58.30
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024