Kjell Magnar «Årets Utøvar 2014»
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Jan 2015
Fotoet viser to sentrale
aktørar under VIL sin Idrettsgalla laurdag.
Superveteranen, Paul Hole (85), fekk sitt synlege prov på at han har
lagt bak seg 50 vellukka idrettsmerkeprøver. I skrivande stund er han også
ferdig med den 51., og vi vert ikkje forbausa om han tek den 52. i løpet av
2015. Om nokon er i tvil, gjer vi merksam på at det berre kan gjerast ei prøve
kvart kalenderår.
Allsidige, Kjell Magnar
Berli, tok seg av den gjevaste prisen, «Årets Utøvar 2014». Det sportslege
rullebladet hans for året 2014 innheldt mellom anna dette:
·
Nr. 3 totalt i
Konradløpet på tida 15.20.
·
Nr. 5 totalt i
Eikenosa Opp på tida 20.54.
·
Nr. 1 totalt i
Koldabakken Grand Prix på tida 1.24 (ny løyperekord).
·
Nr. 3 totalt og
klassevinnar i Kaptein Dreiers Minneløp på tida 45.40.
·
Nr. 21 i klasse
25-29 år i Birkebeinerløpet på tida 1.22.35.
·
Nr. 7 totalt i
Hornindal Rundt (75 km/5600 høgdemeter) på tida 12.25.12.
·
Nr 2 totalt Opp
på Bruna på tida 19.02.
·
Sykla
Birkebeinerrittet på 3.24.02, kring 15 minutt under merkekravet.
·
Deltok på VIL
sitt lag i Holmenkollstafetten, Sykkylven Rundt og Ramstaddalsløpet.
·
Velledalen IL sin
fyrste «Superbirkebeiner».
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024