Fjellsæterrunden med i turrenncup

Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Jan 2015

arkivfoto
Møre og Romsdal Skikrets
går nye vegar for å fremje interessa for turlangrenn. Nytt av året vinteren
2015 er ein lokal turrenncup. Tyngda av cupen vert arrangert på romsdalsk snø.
Fjellsæterrunden i Sykkylven er einaste arrangementet på Sunnmøre. Renndatoen
er sett til laurdag 21. februar. Same dag som Stranda har 20 års jubileum for
Alperittet og NM-arrangement.

Her er renna i den nye cupen:

25. januar: Svartløken
Rundt –fristil

14. februar: Skardilten - klassisk – seedingsrenn

21. februar: Fjellsæterrunden - klassisk

22. februar: Osmarkarunden
– klassisk

28. februar: Isfjorden
Rundt – klassisk

8. mars: Fannefjellsløpet – klassisk

Det vert tre hovudklasser
der leiaren i kvar klasse etter kvart vil gå i farga leiartrøye. Klassene vert
slik:

16-20 år gut/jente: Raud
leiartrøye

21-59 år herre/dame: Gult
nummer

60 + herre/dame: Blått
nummer.

Så spørst det om dette fengjer, eller om dei lokale turrenna

går dit dei synest vere på veg – inn i
evigheita.