Bloggrapport idrettsåret 2014

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Jan 2015

AUGUST/SEPTEMBER 2014:


 ·
  

 2.august vart
Olaf Øien klassevinnar i kl. 70-74 år under Saudehornet Opp i Ørsta. Sluttid:
1.55.17 etter 5500 lengdemeter og 1300 høgdemeter frå tareblad til tinderad
kling bra av ein 71-åring.

   


 ·
  

 9.august vart
VIL-medlem Per Steinar Linga 40 år. Same dag vart tidlegare idrettsskuleleiar
og badminton-mosjonist, Julie Brochmann, 30 år.

   


 ·
  

 10. august var
Velledalen IL medarrangør under motbakkeløpet «Opp på Bruna». Vinnar vart
voldingen Håvard Myklebust, 40 sekund føre vår eigen Kjell Magnar Berli
(19.02). Per Steinar Linga hadde femte beste tid (21.01). Elles deltok – og persa
– tre blad Nakken for VIL. Olaf Einar Øien vann klasse 70+.

   


 ·
  

 16. august sette
Robert Sogge ny sykkylvsrekord i Skåla Opp med 1.26.46. Svein Nakken deltok i
mosjonsklassa.

   


 ·
  

 23. august melde
vi NM-resultata til velledals-sogningen, Henrik Johan Holmberg. Nr. 4 på 110
meter hekk (15.09) og nr. 5 i høgdehopp med 1, 95 meter.

   


 ·
  

 23. august vart
Velledalen IL nr. 2 i stafetten Sykkylven Rundt (tre etp. Løp og tre sykkel)
med tida 1.53.50. VIL brukte 18 utøvarar på laget. Stafetten vart vunnen av FK
Sykkylven (1.51.31).

   


 ·
  

 23. august vann
Olaf Øien klasse 70+ under Nordvest Maraton. Distansen var halvmarton og tida
var 1.57.41.

   


 ·
  

 26. august vart
tidlegare skihoppar og VIL-leiar, Edvard Hole, 80 år.

   


 ·
  

 30. august vart
Kjell Magnar Berli Velledalen IL sin fyrste «Superbirkebeiner». Han sykla
Birkebeinerrittet på 3.24.02 og løyvde 14 min og 45 sekund på merkekravet.

   


 ·
  

 30. august vart
Per Steinar Linga beste sykkylving under Birkebeinerrittet med sluttida 3.03.54.

   


 ·
  

 30. august tok
Henrik Johan Holmberg NM-brones i mangekamp med poengsummen 6757 poeng.

   


 ·
  

 2. september vart
Kari Pauline Hjorthol, tidlegare VIL-sekretær, konradløpar og
idrettsmerketakar, 60 år.

   


 ·
  

 7. september
arrangerte trimgruppa tur til Skålatårnet i Nordfjord (Stryn kommune). Mismodig
frammøte (to mann).

   


 ·
  

 17. september
melde vi at Johanne Hjortdal deltok på 60 meter under Panorama-leikane i
friidrett på Ikornnes.

   


 ·
  

 18. september
melde vi om suksess for osloavdelinga under Sognsvann Rundt. Hilde R. Tandstad
sprang ein runde på 12.54 (4. plass av 38 startande). Sverre Gunnar Brunstad
sprang fire rundar på 48.03 (siger og ny aldersrekord for 47-åringar).

   


 ·
  

 21. september
hadde vi foto av «Knuttausene» (Torild og Eli), som hadde vore i Oslo og
sprunge «10 for Grete». Pe-Tomasz debuterte på heilmaraton i Oslo same helg med
  tida 4.34.05.