Råsterk prestasjon av Olaf i Ålesund

Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Des 2014

arkivfoto, Olaf Øien t.h
 Velledalen IL er stolte av
Olaf Øien. Og med god grunn. Mannen er 71 år, og i ein slik alder er det slett
ikkje gitt at menn spring. I alle fall ikkje halvmaraton (21 095 meter) – på snøføre i kuldegrader.

Men det gjorde Olaf Øien
27. desember 2014. Han noterte tida 1.58.30. Best av dei over 70, og han la bak
seg tolv menn som var langt yngre. Totalt vart han nummer 43 mellom mannfolka
som sprang halvmaraton, på ein dag der vinteren rådde grunnen sjølv i Ålesund.

Beste tida på halvmaraton
hadde Sebastian Håkansson med 1.19.56.
Vi tek med at Sykkylven SK sin syklist, Espen Utgård Sæther, leverte fine
1.43.54, som heldt til andreplass i klasse 18-19 år. Heilt sikkert framifrå
trening med tanke på komande sykkelsesong!

Strandaren og
Konradløpven, Bjørn Arve Brune, imponerte stort som maratondebutant (heil), men
den saka får vi spare til Sunnmøringen. Han brukte litt over tre og ein halv
time på glatte vegar i debuten. Særs sprekt av ein mann over 50!