69 gjekk Romjulsmarsj
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Des 2014
Men det gjekk ikkje. 71 i
fjor vart til 69 i år, og dermed må vi tole at trimgruppa tek opp til vurdering
om arrangementet er liv laga i noverande form. Sett på bakgrunn av at vêret var
vesentleg ringare i år enn i fjor, var det ein betre prestasjon å lokke ut 69 i
år i høve til 71 i fjor. I glansåra samla romjulsmarsjen godt over 200 personar
– arrangementet har eksistert sidan 1979, avlyst berre eitt år (straumlaust).
Vi seier ikkje meir i
denne omgang, men bli ikkje sjokkert om du har gått din siste Romjulsmarsj.
Takk til alle to- og firbeinte som deltok denne gongen – i snødrev og til dels småglatte
vegar!
Trimgruppa hadde som
vanleg sitt på stell. God mat i koseleg atmosfære.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024