Æresmedlem Paul Hole 85 år

Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Des 2014

Ja, sett med VIL-auge er «Øye-Paul»
ein sportsleg tungvektar. Som tenåring – like etter krigen – var han med og gav
velledalingane deira fyrste idrettsbane, som var grusbana på Dalemyra. Der vart
han seinare utøvande fotballspelar, men det var i løp og på ski talentet var
størst.

I 1949 vart Paul Hole den
fyrste KM-vinnaren i Velledalen IL nokon sinne, då han vann 1500 meter (løp) i
juniorklassa på 4.22.4. I tillegg tok han fleire sølvmedaljar. Best på 800
meter og 1500 meter, men deltok óg i tekniske øvingar, eksempelvis tresteg

På ski vart han KM-vinnar
i stafett i 1952 saman med broren Olav, Jon C. Brunstad og Ole L. Hole.

Med andre ord ein allsidig
kar, men det som imponerer aller mest med Paul, er den livslange innsatsen til
fremje for god helse og ein sunn kvardag. Høyr berre her:



 ·

  




 Har teke
idrettsmerkekrava 51 gonger (mest i laget).



 ·

  




 Har gått Fjellsæterrunden kring 30 gonger i trimklassa.



 ·

  




 Har 13 av 13
mulege Konradløp.



 ·

  




 Trufast deltakar
i Romjulsmarsj, Det Store Folkerennet og Koldabakken Grand Prix.

Dette er litt av Paul Hole
sitt idrettsliv i kortversjon. Men på dagen til vår kjære æresmedlem, anbefaler
vi deg lese eit av «Idrettsminna» som er samla inn – eit som går meir i djupna.
Du finn det HER

Velledalen IL GRATULERER!