17 956 noteringar på trimpostane sist sesong.

Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Des 2014

Smått imponerande, gode
lesar! Velledalen IL sine 14 trimpostar har sist sesong hatt nær 18 000 noteringar.
Og talet er høgare enn 17 956, då trimkassa og boka på Holetindane vart
teken av vinden. Heldigvis var det ikkje den best besøkte posten som vart
nullstilt, men likevel eit prov på at det er vêrhardt i høgda.

Framgangen frå 2013 sine
14 818 noteringar er hårfint over 21 prosent. Ein formidabel auke, der
noko kan godskrivast lagleg vêr. I prosent hadde Regndalen klart størst
framgang, frå 348 noteringar til 967. Brunstadsætra gjekk frå 2 460 til 3 431,
som nest beste post.

Men ikkje alle hadde
framgang. Myrdalsfjellet gjekk tilbake. Det same gjorde Høgsætra og skogsvegen
Fet. Men det dreier seg om små tilbakesteg. Berre 22 noteringar for skogsvegen
Fet sin del.

Velledalen IL synest folk
er flinke. Og det er stas når vi får debutantar som trimpostvinnarar. I år har
vi minst tre slike; Robert Rakoczy, Robin Urke Brunstad og Linda Kristin Øye.
Alle trimpostvinnarane vert heidra under idrettsgallaen 10. januar.

I morgon vert namnet på samanlagtvinnaren
frigitt – for dei som ikkje alt har rekna seg fram til det.