VIL-leiaren frå 1970 fyller 70
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Des 2014
Jan voks opp i heim som
eldste son med tre yngre brør på slep, der alle fire fekk solide dosar
arvetrekk innan musikk og idrett som medgift. Faren, Arne Lade, var i yngre år
ein solid skiløpar og habil skyttar. Reint sportsleg vart Magne og Åge vart
langrennsløparar, yngstebroren Jarle dyrka hoppsporten medan Jan vart
fjellmann.
Men ikkje berre fjellmann.
I 1970 sat han som leiar i hovudstyret i Velledalen IL. I 1972 vart nye grupper
starta – fjellsportgruppe og trimgruppe. Jan sat fleire år i trimgruppa, også
som leiar der. Fjellsportgruppa tok seinare namnet Fjellivsgruppa, ei gruppe
der Jan sitt syskenborn, Arild Lade, i fleire år var dugande primus motor.
Då Velledalen IL vinteren
2007 markert 100 års levetid for 150 gjestar i Velledalen grendahus, var Jan
Lade mellom dei sentrale aktørane. Saman med broren Åge løfta han samkoma
fleire hakk gjennom proffe musikalske innslag.
Jan må reknast som ein
sprek 70-åring. Ikkje ein dag over 60, ville dei fleste sagt som møter han. Og
møte han kan du eksempelvis gjere ved trimposten i skogsvegen Hjorthol. Der er
Jan ein flittig gjest, noko Velledalen IL set pris på.
Jan Lade er mellom dei som
har levert Idrettsminne, samla inn i samband med laget sitt 100 års jubileum.
At han opp gjennom åra har vore ein viktig kulturell bidragsytar både i
Velledalen og i eit langt vidare perspektiv, gjer at han er ein viktig mann å
hylle på 70 års dagen!!
Frisk opp att fjellivet i Jan sine
velmaktsdagar – les idrettsminne hans her og her
Atle Hole
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024